Countryutgiving
I dag fekk eg tilsendt lydfilene av dei nye songane mine som skal gis ut i vår. Eg er storfornøyd med det eg har høyrd, og kan nesten ikkje vente på å komme meg i lydstudio :)
Songane er i countrysjangeren, så eg må sei at min drøm om Nashville snart e innfridd. Sjølvsagt skulle eg ønska eg kunne reist ned sjølv, men det er for kostbart å gjere i denne omgang. Heldigvis er me så heldige at me har internett i dag, så ein kan gjere det meste via nettet.
Kortid er songane klare for utgiving? Det veit eg ikkje, men eg vil tru at mykje er gjort i løpet av april/mai.
Tenk at at eg er så heldig at eg har venner som set meg i kontakt med et profesjonelt lydstudio i Nashville! Det er nesten så eg må klype meg i armen for å kjenne at eg ikkje drømmer!!!
Let the fun begin:)
❤Takknemlig for livet mitt❤
Nyeste kommentarer