6. apr, 2017

Når alt skjer på ein gong - FULL panikk i heimen

Eg er så takknemlig for at eg får holde på med musikken! I periodar begrensar det seg kva eg har kapasitet til, og i andre periodar kan eg ikkje tillate meg å begrense tida;) Akkurat nå skjer det mykje på ein gong, så begrensing er ikkje noko tema. Med utgivelse av musikk følger det med ein del planlegging, og med det følger det med mykje tenking. Eg er "uhorveleg" flink å tenke..hehe.. 

Før eg visste ordet av det så hadde eg mottatt lydfilene fra Nashville. Det vil seie at eg må få klar bilder til cover og presseskriv. Plutseleg hadde eg avtalt tid for fotoshoot førstkommande søndag! Eg kikka gjennom garderoben i kveld, og der hadde det skjedd mykje rart - dvs det er vel kanskje med MEG det har skjedd mykje rart...som sjokolade og slikt...hihihi... Her var det berre EIN ting å gjere - ringe kjoledamen!!! Hos kjoledamen i Stavanger kan eg med handa på hjartet seie at eg får verdens beste service. Alt som skulle til var å sende ein melding, og VIPPS så hadde ho fiksa ei dame som kunne ta i mot meg i morgon, slik at eg får kjole til søndag <3 

Eg skulle sjølvsagt ha sørga for å få litt brunfarge på kroppen og, men det er ikkje så enkelt å få det til på så få dagar. Oppfrisking av hårfargen skal eg klare. "Sjokolade-kroppen" er det for seint å gjere noko med;) 

Eg er så heldig at eg kjenner ei frisørdame frå Haugesund, og tenk, ho stiller frivillig som stylist! Ikkje berre det, ho har ei venninne som fotograferer. Ho stiller også frivillig opp for å hjelpe meg! Ei anna venninne av meg er også med og hjelper, ho stiller ALLTID opp for meg! Det er nesten så eg trur det er ei meining med at eg skal gi ut musikken min. ALT berre ordnar seg :)

Eg arbeider også med ein barnesong om dagen. Komponering på bestilling frå to barnebokforfatterar. Den er ganske klar, men der er noko som ikkje gir meg heilt fred der, så då er det nok noko som SKAL ut ein vakker dag. Songen ligg og surrar i bakhovudet samstundes med alle desse andre tankane, så dersom eg skal kvile tankane så må eg anten sove, eller glo på tv.

Samstundes som eg sit og skriv her nå, plingar det inn ein mail. Det er den Italienske songen eg har oversatt til norsk. Så gøy:)

Nokre songoppdrag krev meir øving enn andre, så før eg legg meg så har eg nokre songar eg må øve litt meir på. Eg kosar meg når eg får leve ut denne draumen min.  

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte