22. apr, 2017

Få ut dette pakket...

Kva rett har me til å kalle andre menneske for "pakk"? Er alle tiggarar "pakk"? Kva skjedde med forståelse, midt i mellom, skjønne at det finnes fleire sider, og at ein ikkje kan "greie alle under ein kam"? Er ein nødt for å vere FOR eller MOT? Alle eller ingen? Kvifor er det så viktig å fordømme alle som er ueinige i ditt eige synspunkt?

Dei siste dagane har det vore skriverier om tiggarar. Nokre innlegg handlar om at alle tiggere er kyniske folk, og sinne mot alle som støttar tiggarar. Andre innlegg handlar om kor synd det er på dei, og sinne mot dei som er MOT tiggarar.  Eg kan ikkje skjønne at nokon trur at ALLE tiggarar er kyniske menneske som ikkje treng pengar. Eg skjønar heller ikkje at det er nokon som trur at alle tiggarar er mennesker som har det så vanskeleg at dei ikkje har andre val enn å reise til Norge, og er avhengige av å tigge for å overleve. Det eg skjønar er at mange ser på oss i Norge som svært heldige, og at dei ønsker seg ein bit av denne velstanden. Kven vil vel ikkje ha det bra?

Når slike saker kjem i media, er det mange som er raske med å dømme, greie alle under ein kam. Nokre går så langt at dei hetsar tiggarar dei ser ute på gata. Kva veit dei eigentleg om deira liv? Korleis kan dei vere så sikre på at nettopp den tiggaren dei hetsar er eit kynisk menneske? Korleis kan dei vite om nettopp dette menneske er eit dårlig menneske? Dersom dei er med i eit kriminelt nettverk, kven kan vite om dei har valt det sjølv, eller om dei er tvunge til det? Kva med dei som vert opplærd til å tigge, som ikkje veit om noko anna? Det er mange skjebnar me ikkje veit noko om, så kva rett har me til å døme?

Om eg møter ein tiggar, og oppdager at denne tiggaren er eit kynisk menneske som har kome til Norge for å "bli rik på oss dumme nordmenn" - gir det meg rett til å håne den neste tiggaren eg møter? Dersom eg reiser til eit anna land og blir rana, vil det sei at alle i det landet er kriminelle? Om eg lever livet mitt på ein heilt anna måt enn du gjer, gjer det meg til eit dårleg menneske?

Kva med menneskeverdet oppi denne galskapen, generaliseringa og fordømmelsen av mennesker? Me er alle mennesker, og me skal ikkje godta og finne oss i kva som helst, men det gir oss ikkje rett til å vere bedrevitarar på ein slik måte at me fordømmer alle i "same kategori"!

Det er så mange "svart eller kvit" innlegg, men verden er ikkje svart eller kvit. Det vil aldri vere slik at me kan seie at "dei er slik" og "dei er sånn" - INGEN menneske er lik NOKO anna menneske. Me er alle unike, og me har alle same menneskeverd. Eg ser same fordømmelse i mange kategoriar. Religion, krig, legning, innvandring osv. Eg skjønar berre ikkje korleis ein kategorisk kan fordømme heile grupper på denne måten. Eg har til dags dato ikkje møtt på eit einaste menneske som er heilt lik eit anna menneske, ikkje eit einaste menneske som har akkurat same meiningane om absolutt alt, eller som har dei same såra, dei same oppvekstvilkåra osv.

Eg er så heldig at eg har vakse opp i ein trygg familie. Eg har tak over hovudet og mat på bordet. Eg har min eigen familie med mann, tre fantastiske ungar, og to nydelige barnebarn. Det er ikkje alle som er like heldige som meg. 

Hjerte Takknemlig for livet mitt Hjerte