1. mai, 2017

EP utgiving

4 år etter debutalbumet "Ta deg tid" er eg klar for ny utgiving. Denne gongen er Norsk visepop lagt på hylla - det er tid for country. 

EP-en "Good to be alive" har fem låtar, og er første del av eit komplett album som kjem til hausten. Heilt frå barnsbein av har countrymusikken vert favorittsjangeren, og dei siste åra har hovudfokuset vore å komponere engelsk countrymusikk. Tekstane har framleis fokus på det indre, men den tradisjonelle country sjangeren er tydeleg representert både i tekstar og melodiar. Innspelinga av musikken er gjort av profesjonelle musikarar i Audio Authoritis i Nashville. Vokalopptak er gjort i Karmøy Lydstudio. 

Utgivinga er i hovudsak ei digita utgiving, men det vil bli trykka eit lite opplag for sal som eg har med meg rundt på speleoppdrag. 

Plata kjem lørdag 3. juni