10. mai, 2017

Mini-konsertar

Denne veka har eg hatt mini-konsertar på Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet, på oppdrag for Den kulturelle spaserstokken. Dette er oppdrag eg trives godt med. Eg likar å bruke fleire sider av meg sjølv, bli kjend med gamle låtar på ny. Songar eg kanskje har tenkt at ikkje "er noko for meg" vert plutseleg vakre songar når eg berre får øvd på dei. Eg likar det å få synge fleire sjangrar, og få bruke stemma mi på forskjellige måtar. 

Både på mandag, og i dag, song publikum med på fleire av songane. Det synes eg er ufatteleg kjekt. Det seier meg at dei kosar seg. Etter konsertane kjem det gjerne nokre bort og takkar meg, og seier dei har likt konserten min, songvalget, og at eg syng fint. Det er ei stor ære å få denne muligheten, og få den takknemligheten og gleden i retur fra publikum! Kvar konsert er forskjellig, det er forskjellig publikum, eg er i forskjellig sinnsstemning, og songane endrar seg. Det er ganske spesielt at den eine songen som gjerne berre var OK på mandag, kanskje vart fantastisk flott på onsdag. 

EP utgivelsen nærmar seg med stormskritt, og eg gler meg sjølvsagt stort til det. Der er det countrymusikken som er i fokus, MIN sjanger. Likevel kan eg med hånda på hjarta seie at eg håpar eg framleis får oppdrag for Den kulturelle spaserstokken!

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte