16. mai, 2017

Komponering på bestilling

Eg har ikkje hatt mange oppdrag med komponering på bestilling, men dei eg har hatt har vore forskjellige, og kjekke på kvar sin måte. Oversetting/omdikting av ein Italiensk vuggesang, komponering av barnesang på bestilling frå barnebokforfattere, og nå seinast, ein konfirmasjonssang. 

Den Italienske vuggesangen er ferdig innspela, så nå ventar eg i spenning på mail frå Italia om kortid den blir å finne på Spotify.

Barnesangen er ferdig komponert med både tekst og melodi av meg. Innspelinga skal gjerast i Karmøy lydstudio, der eg har fått med meg Vegar L. Pedersen på instrumental. Spennande oppdrag!

Konfirmasjonssangen er skrevet til ein nydelig melodi, og skal syngast inn og sendast som mp3. Veldig spennande å få eit sånt oppdrag, der eg også ska synge inn sangen. Ein konfirmasjonssang skal være personlig, og skrevet med omtanke og varme for både konfirmanten og familien, så eg kjenner det på nervene...hehehe... Idag skal anlegget riggast i stova, så får dei stakkarane eg bur i lag med lukka øyrenene eller gå ut om dei blir for leie ;)

Det er travle dagar med planlegging av EP utgiving, der eg snart ikkje veit kva eg har gjort eller kva som gjenstår...men eg kosar meg og synes eg er så ufatteleg heldige som får muligheten til å leve ut denne draumen. At eg i tillegg er så heldig at eg får mange andre typar oppdrag synest eg er heilt fantastisk!

 

HjerteTakknemlig for livet mitt Hjerte