15. jun, 2017

Bratt læringskurve

Puh, nå ser det endeleg ut for at eg har klart å få til den digitale utgivinga! Det har vert problemer pga det forrige albumet, men nå fant eg og Vegar (hos Karmøy Lydstudio) ein anna veg å gå, og då løyste det seg til slutt. Eg hadde ikkje forestilt meg at det var så mykje som skulle gjerast, og ikkje minst lærast, så læringskurven har vore bratt, men veldig gøy! Eg elskar slike utfordringar, og kjenne meistringsfølelsen når eg får til nye ting. Eg har fått kyndig hjelp frå både Vegar og organisasjonen eg gir ut EP-en gjennom, så nå kjenner eg at eg rett og slett er fornøyd med meg sjølv ;)

Utgiving av barnesangen "Regnfrakken og selbuvotten" er også undervegs, så det kjennes godt å snart være i mål :)

Dersom du lurer på om det er nye songar på gong, så kan eg sei at dagane (og månadane) har vore for travle til det. Likevel har eg ei kjensle av at det rører seg fleire mulige melodiar og tekstar inni dette alt for fulle hovudet mitt innimellom alt dette andre som berre MÅ gjerast. 

Lørdag er eg klar for å spele litt country-tonar på Deilig i Sveio, eg gler meg :)

Etter snart to veker med forkjølelse midt oppi alt dette, så kjenner eg at NÅ skal eg sjå på TV i eit par timar! Kanskje eg slår til med ein aldri så liten sjokoladebit også ;)

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte