3. okt, 2017

Huskjøp og travel haust

I sommar kjøpte eg meg hus, og det tar tid å flytte inn og komme seg i orden. Eg er ikkje ferdig enda, men eg kjenner at eg har flytta inn og fått meg ein heim. Eg synest eg har verdens herligaste dokkehus, og var heldig og kunne berre flytte rett inn. Sjølvsagt er det alltid noko ein ønsker å gjere for å sette sitt eige preg i heimen, men eg har nøya meg med å male stova i første omgang. Etterkvart som tida strekker til så ser eg ikkje vekk frå at det blir fleire rom som får "Karoline-preg" :)

 

Det er ikkje mykje tid til skriveriene mine på denne sida midt i både huskjøp og speleoppdrag. Eg har speleoppdrag så godt som kvar einaste helg heile hausten gjennom, i tillegg til diverse speleoppdrag i vekedagane også. Nye songar blir det også lite av, tida strekker rett og slett ikkje til. Det vil ikkje seie at det er stille i hovudet mitt...hehehe... Eg må berre velge å legge vekk det meste av ting eg ikkje MÅ! Det dukkar innimellom opp nye melodiar, ord og setningar som eg reknar med å ta fram når tida er inne for det. Hausten og vinteren er absolutt mi årstid, så det er store muligheter for at det kjem både nye tekstar og melodiar etter som månadane går. 

 

Oppdatering av speleoppdrag klarar eg å halde orden på, så følg med på "Speleplan" sida mi og så treffes me kanskje på ein eller anna stad :)

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte