17. okt, 2017

StoryMaker Triangle

Endelig kom meldingen om at det blir nytt skrivekurs i Italia 17-23 april 2018. Eg var ikkje sein om å melde meg på, og godt er det, for like etterpå kom det forespørsel om ein spelejobb den helga.

Sidan 2011 har eg reist på skrivekurs til Frankrike og Italia. Det har blitt ein tradisjon eg ikkje kan være forutan, så eg må rett og slett reklamere litt for min gode kursholder Nina Zoé Jørstad. Ho meistrar rolla som profesjonell kursholder samtidig som ho er personleg, gir av seg sjølv, og sprer godhet og glede rundt seg. Ho er rett og slett unik! Det er ikkje utan grunn at eg reiser på hennes kurs gong etter gong! I tillegg til at eg har reist på kurs med ho, så har eg og 3 andre skrivedamer leid ho inn som kursholder, berre for oss fire. Fleksibel som ho er, tilpassar ho kursa etter våre behov. 

Har du skrevet før, eller drøymer du om å kunne skrive? Sjekk nettsida til Nina, og ikkje nøl med å melde deg på eit av kursa. Du vil ikkje angre!

 

http://www.storymaker-triangle.no

 

Eg har dessverre ikkje vore flink nok til å prioritere skriving i lang tid. Nokre gonger er det sjølvsagt slik at ein ikkje har tid, men 5-10 minutt for dagen har til og med EG tid til, om eg berre "programmerer" hovudet mitt rett. Eg har jo så lyst til å skrive, få ut alt eg går og tenker på, så klarar eg å surre det vekk med å lage meg unnskyldningar som at eg ikkje har tid. Eg som røyker 20-30 sigarettar dagleg! Om eg hadde skrevet nokre ord kvar gong eg går ut for å ta den røyken, så hadde eg måtta kjøpe meg ny skrivebok kvar veke;) Eg skal arbeide med meg sjølv, og komme fram til kva eg må gjere for å strukturere skrivinga mi. Eg startar med å sende mail til mine 3 fantastiske gode skrivedamer - NÅ!

 

Hjerte Takknemlig for livet mitt Hjerte