20. okt, 2017

Panikktilstand

Kva er det eg held på med?

Kjem eg i mål?

Er det bra nok?

Har eg nok variasjon i songane?

Vil det falle i smak?

Kvifor utset eg meg sjølv for dette, gong etter gong?

 

Eg arbeider med repertoaret til minikonsertane eg skal ha neste veke, og panikken har tatt meg! Eg velger songar, tar vekk nokre, velger nye, lagar rekkefølgen, bytter om på rekkefølgen osv. Kvifor er det slik at eg aldri ser ut til å bli fornøyd med det eg gjer? Nokre gonger er det som om det eg set opp blir verre og verre etterkvart som eg jobbar vidare, andre gonger går det som ein lek.

Denne gongen har eg jobba så mykje med det at det kjennes som om hovudet mitt har stoppa opp. Plutselig ser eg ikkje noko løysing på det. Ingenting blir bra nok. Songane er for seine, for nye, for like osv. Eg har kome vidare i planlegginga, og føler eg er på rett veg, men eg håpar eg snart "ser lyset"! 

Somme gonger kan eg ikkje skjøna kvifor eg brukar så mykje tid og energi på dette arbeidet, men så går det heldigvis opp for meg kvar gong eg er ferdig med ei av desse opptredenane: Det var verdt strevet, det fall i smak, det er ein grunn til at eg likar desse oppdraga, det er ein grunn til at eg held på med dette. Det gir meg mykje å jobbe med musikken, og eg set meir og meir pris på det etter som åra går kjenner eg. 

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte