1. nov, 2017

Tanker om teaterforestilling 2018, og dagen i dag

3. januar er det  premiere hos Sandeid teater. Dette året har me Elvis på programmet, og eg var berre nødd for å være med! Dei to siste åra har eg ikkje hatt tid til å være med på scenen, så eg har vert med på scenearbeid, design av plakat og programblad. Eg stortrivs ilag med teatergjengen, og blei kjempeglad når det denne gongen blei tid for eit stykke med masse musikk. Stykket er ikkje ferdig skrevet, men prosessen me er i nå er veldig kjekk. Me har ei som skriv stykket, men me er med og "fargelegg" med kommentarer og anna. Det blir spennande når me skal til med øving, det er først då me ser korleis det blir. 

Har eg tid til dette? Tja, tid er eit relativt begrep;) Eg bruker mesteparten av tida mi på musikken, så ein kunne kanskje tru at eg hadde rikelig innputt av det. DET HAR EG IKKJE - eg trur det er vanskelig å få for masse innputt av musikk! Dessutan, eg arbeider åleine med musikken min og kan ikkje akkurat skryte av mange kollegaer, så det å være med på teateret gir meg veldig mykje glede. Eg er spent på korleis stykket vil bli, men eg er ikkje i tvil om at det kjem til å bli veldig bra! Eg gler meg til resultatet, men gruar meg til eg må i gang med pugging - det er ikkje akkurat mi sterkaste side...hehehe...

Heldigvis har me ikkje starta med pugging av manus. Heldigvis har eg ikkje noko spesielt eg "må" i dag. Heldigvis har eg bestemt meg for at akkurat i dag skal eg bruke tida mi akkurat som det passar meg. Planen er ganske grei: Skrive litt, sy litt, vaske litt kler, sy litt, skrive litt, sove litt, vaske litt klær, sy litt til...osv. Eg har tru på at denne dagen blir akkurat som eg ønske - denne dagen blir god:)

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte