20. nov, 2017

Travle tider - og mykje å glede meg over

Eg lurer på kor tida tar vegen om dagen! Det er knapt morgon før eg oppdagar at det er kveld igjen. Kanskje eg bør finna ein betre måte å planlegga dagane mine på? Kanskje eg bør bli flinkare til å slå av telefonen? Kanskje eg burde legge vekk nokre av jerna eg har i ilden? Eg skulle virkelig ønska døgnet hadde fleire timar, for eg har så lyst å gjere alt mulig! Eg blir så glad av å legge nye planar, tenke ut nye ting, synga, og berre være til og kose meg! Dessverre har komponering blitt tilsidesatt alt for lenge, samme med eit anna skriveprosjekt eg held på med, men eg jobbar med prosjekta i hovudet "heile tida". 

 

Eg skal være med på teateroppsettinga til Sandeid Teater første helga i Januar, det kreves eindel øving der framover. Dei fleste helgene mine går med til speleoppdrag, men eg i år kjende eg at eg berre MÅTTE prioritera å vera med på teateret - me skal sette opp ein forestilling om Elvis - SJØLVASTE ELVIS!  Det går berre ikkje an å seie nei til det:)

 

Når dagar og veker fyk avgårde, så er det viktig å rydde plass til litt fri innimellom. Denne helga har eg valgt å ta fri, så då blir det hotellweekend i lag med kjæresten - det skal bli godt:) Vinterferien i februar har eg bestilt Londontur til meg og dotter mi, det er viktig med jentetur med berre "avslapping" (shopping) I april skal eg på skrivekurs i Italia. Kan ikkje sei det er fri, men det er kreativt samvær ilag med andre skrivande sjeler, god mat, god tid til latter og prat, masse skriving og utvikling. Berre det å komme seg vekk ilag med andre gjer at eg føler eg har litt fri:) Eg ser fram til kvar dag framover, og er sikker på at det blir fleire turar neste år enn dei som allerede er planlagt:)

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte