1. des, 2017

Endelig julemåned

Frosten ligg fint på både mark og tre, lagar krystallar og gir oss lys i mørket. Det er opp til oss å velge om me vil fryse eller nyte. Eg velger å nyte dette fantastiske lyset. Den blå timen kjem om ettermiddagen og gir oss eit lys å drøyma oss vekk i før natta kjem.

Det er nesten ufattelig kor fort tida går, me skriv desember på kalenderen, og året 2017 er snart over. I år klarte eg ikkje å vente med på pynte til jul, så det er allerede fleire dagar sidan eg fekk julelys og julepynt på plass:) I går kveld blei eg ferdig med adventskalenderen til mormor. Det har etterkvart blitt tradisjon for meg å tenke ut ein ny kalender kvar år. Dette året blei det ikkje tid til  lage meir enn éin kalender, men eg måtte berre ta meg tid til mormor sin. Det har blitt min juletradisjon som eg ikkje kan la være å gjere. 

Eg er så heldig og har mange spelejobbar også denne månaden, men eg skal prøve å ta meg tid til å nyte ledige øyeblikk, ikkje berre tenke på jobb. Eg synes og at eg er ufattelig heldig som får ha drøumejobben. Eg har ikkje hatt ein einaste spelejobb der eg ikkje har kosa meg! Så om planlegging og diverse anna rundt musikken tar mykje tid, så er det gleden over alle jobbane som går av med seieren. Eg gjer det eg har drøymd om i mange, mange år. Eg har gode planar for 2018 som eg storgledar meg til å ta fatt på. 

Det er så lett legge nye planar, men det krev mykje å få planar gjennomført. Eg har starta arbeidet med ein tenkeprosess. Korleis skal eg nå måla eg setter meg? Kva må til av meg, eller andre? Kva må eg ofre? Er det verdt å arbeide så hardt? 

Eg driv ikkje med musikken berre fordi eg har "lyst" - det er følelsen som seier meg at eg MÅ drive med musikk for å overleve, som er drivkrafta mi.

I helga skal eg til Sauda for å spele på julebord i kveld, og på puben i morgon. Eg gler meg!

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte