13. des, 2017

Italiensk samarbeid

For nokre år sidan fekk eg melding fra ein Italiener. Han hadde vore på samme hotellet som eg pleier å reise til i Frankrike. Han likte stemma mi så godt, og ville bytte CD med meg. Han spurde også om eg kunne tenke meg å oversette ein sang for han, og synge den i lag med han. Eg syns dette var veldig spennande, og sa sjølvsagt ja! Ting tar tid, og når me aldri har treftes og begge er opptatt på kvar vår kant, så har det derfor plutselig gått fleire år. Nå er altså sangen klar, og ligg ute på Spotify:) Sangen heiter "Italian Daddy" og ligg under artistnavnet Tabacco Bruciato. Sangen er ein vuggesang han skreiv til dottera for mange år sidan, og nå var tida rett for å gi den ut. Eg oversatte den, og har sjølvsagt sunget den inn og gitt den til eldste barnebarnet mitt. Det er hans sang nå:) Han må nok finne seg i at minste barnebarnet får eigarandeler i den når han vokser til, men enn så lenge så er det Marcus sin god natt sang. 

Eg syns det er ganske kult at eg har klart å oversette ein Italiensk sang, eg som ikkje skjønar eit ord Italiensk...hehehe...men eg er fornøyd med egen tolking. Det meste er sjølvsagt spela inn i Italia, så har eg brukt Karmøy Lydstudio til å legge inn min vokal. 

Eg kan ikkje Italiensk, han kan ikkje norsk, men med litt google translate og diverse tolkinger av meldinger så har me klart å få det til å funke akkurat godt nok til at me fekk til å spele inn denne sangen. Veldig kjekt med nye erfaringer og nye bekjentskap!

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte