1. jan, 2018

2017 - 2018

Farvel 2017
2017 har vert eit fantastisk musikk år! Eg har gitt ut ikkje mindre enn 3 forskjellige produksjonar, det er stort synes eg. Og ikkje minst fantastisk å kjenne at eg gjer det eg aller mest har lyst til å gjera med livet mitt.

Utgivingar 2017:
- EP´en "Good to be alive" med 5 egenkomponerte låtar. Musikken vart spela inn i Nashville, og vokal gjorde eg i Karmøy lydstudio på Åkrehamn.

- Singelen "Regnfrakken og Selbuvotten" med ein egenkomponert barnesang, komponert på bestilling fra to barnebokforfattere.

- Vuggevisa "Italian Daddy" som eg har oversatt fra italiensk til norsk. Sangen er spela inn i Italia av Tabacco Bruciato. Eg har sunget inn min norske oversettelse og mixa det saman med han. Det er ikkje den ting som ikkje kan gjerast i dag.

Eg har satsa meir på trubadurvirksomheten, og har for det meste spela ute kvar helg heile hausten. Nokre sangoppdrag i vekene har eg også hatt. Eg har knytta nye musikkbekjentskaper, og nye prosjekter er under planlegging. 

 

Velkommen 2018 - Eg er klar
Det nye året ønsker eg velkommen med, for meg, tidenes travlaste januar. Første helga startar eg med å spele på Smiå Piano og bistro om kveldane, og øve med teateret på dagtid. Eg kan heilt sikkert sova når eg blir gammal;) Eg er med i Elvis oppsettinga i Sandeid teater, så me har øving to gonger i veka, samt to øvingshelger før premieren første helga i februar.  

Ny singel 2018
2. januar er det bestilt musikarar til studio i Nashville. Dei skal spele inn musikken til den nye singelen min. Eg veit endå ikkje når eg får tid til å gå i studio her heime, men eg har iallefall avtale med ABC Studio i Etne om å gjere vokalopptaket der. 

Eg er spent på kva det nye året bringer, og eg er sikker på at det blir eit bra år. Jentetur til London i lag med dotter mi i februar er ein tur eg gler meg veldig til. Det er viktig å  ta seg litt fri innimellom, og ha fine stunder å sjå fram til. I april er eg klar for eit nytt skrivekurs i Italia. Eg har fleire skriveprosjekter, så eg er sikker på at den veka vil bringe meg fleire steg vidare. Eg fortsetter med musikken, både med trubaduroppdrag, mange andre sangoppdrag, og andre prosjekter som eg gler meg til å ta fatt på. Tida strekker dessverre ikkje alltid til alt eg har lyst til å gjere, men eg håpar det blir tid til å gi ut meir musikk i løpet av dette året. Å starte med ein ny singel er iallefall ein veldig bra ting kjenner eg. Ååååh, som eg elskar dette livet!

Eg har eit bilde i gangen min, der står det: "Build a dream, and the dream will build you" Eg har drømt om å kunna leva av musikken heilt frå eg var liten, så for min del passar dette bildet veldig godt. Eg har bygd drømmen min, og nå er det drømmen min som bygger meg! Eg gler meg til å ta fatt på dette året, treffe nye mennesker, utfordre meg sjølv på nye sangoppdrag, kjenne på gleden og takknemligheten for at tok sats, og valgte å leve livet mitt slik eg ønsker.

Skap deg det året du ønsker. Velg å bruke tid på det som gjer deg godt. Følg hjertet og arbeid mot å nå dine drømmar.

 Eg ønsker alle mine følgere eit flott 2018.

 HjerteTakknemlig for livet mittHjerte