16. jan, 2018

Ny singel 21. februar

Eg har hatt liggande ein song i mange år, og hadde i utgangspunktet tenkt å ha den med på mitt første album. Det føltes ikkje rett fordi den tekstmessig var så annerledes enn dei andre songane. I dag er eg veldig glad for det, fordi eg har arbeid så mykje med den nå, og eg syns den er mykje bedre! Eg har også fått hjelp av Tina Spångberg. Det er noko med det å samarbeide med andre, få nye auger og øyrer på noko som har "gått i lås" hos seg sjølv. Hjelpa har vert uvurderlig, og fått meg til å arbeide hardt for å få den slik eg ønsker den skal være.

Musikken er, som siste innspeling, gjort i Nashville. Dei har gjort ein framifrå god jobb, og løfta songen til noko eg ikkje hadde våga å håpe på ein gong. Dei har mildna uttrykket og gjort det slik at eg føler teksten kjem til sin rett på ein heilt ny måte. 

Det er alltid skummelt å gi ut noko ein har produsert sjølv, det kjenner eg på også denne gongen. Likevel er dette den songen eg har vore tryggast på at eg MÅ gi ut. Det er som om eg ikkje har noko valg, og at songen berre har venta på at tida skal være rett. 

Tida er rett - eg er klar - eg gler meg!

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte