6. feb, 2018

Siste innspurt med singelutgivelsen

I dag har eg fått unna mesteparten av det som skal til for å få den nye singelen ut digitalt. Har sett litt meir på presseskrivet, og sett litt på kor eg kan tenka meg det kan ver greit å senda den. I morgon skal eg ferdigstilla coveret, så tenker eg det meste er i boks. Inntil det dukkar opp noko meir eg ikkje visste at eg måtte gjera/kunna.

Det er ikkje berre, berre, å synge inn ein sang gitt! Nå var eg gjennom dette i fjor også, men eg gjorde ikkje absolutt alt den gongen, slik som nå. Det tar tid å lære seg alt, og ikkje minst å sjekke opp i alle tenkelige, og utenkelige ting som må gjerast! Eg føler at eg har det meste under kontroll nå, men eg veit aldri kortid det dukkar opp nye skjær i sjøen;) 

Uansett - 21. februar er datoen for den nye songen! Norsk denne gongen. Eg gler meg som ein unge, og er allerede i gong med å planlegge neste utgivelse. Eg jobbar med fortsettelsen av "Good to be alive" EP´en som eg gav ut i juni 2017. Planen er at den skal bli eit fullt album. Det finnes ikkje bedre musikk enn country - og eg er så heldig at eg har funne ut at livet mitt blir best når eg gjer det EG har lyst til, det eg ikkje kan la være å gjer, det som driver meg framover i livet mitt:

Hjertemusikken minHjerte

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte