26. feb, 2018

"Pillegenerasjonen"

Min nyaste singel; "RESEPT" var ute 21. februar. Det kjennes godt å endelig være i mål med den! Eg har hatt songen liggande i mange år, prøvd å endre både tekst og melodi - utan hell. I desember kjende eg plutseleg at NÅ var tida inne for at den skulle "ut til folket". Eg sendte melodien til Nashville, og straks tok panikken meg. Eg jobba "dag og natt" med teksten. Sendte den over til Tina Spångberg, som endra "litt her og litt der". Ho endra akkurat nok på melodien til at eg fekk "god-følelsen". Eg plukka teksten frå kvarandre, og resultatet er eg veldig fornøyd med. 

 

Bakgrunnen for songen er at eg i mange år har vore opptatt av rusfeltet, og eg har både sett, og høyrt om, mennesker som alt for lett får utdelt medikamenter. Avhengighetsskapande medikamenter over lengre tid skapar rusavhengige menneske. Kven har ansvaret når dei har kome så langt ned at dei ikkje klarar seg utan? Kven betaler for avrusinga? Staten "produserer" rusavhengighet, men menneska sjølv må betale med både liv, helse og penger for å komme seg ut av det. Det er mange som ikkje veit at dei er rusavhengige, andre igjen veit ikkje at dei lever saman med rusavhengige. Ein kan då ikkje vere rusavhengig når det er medisiner ein får på resept? Hmm...alvorlig tema, med alt for mange involverte! Eg ønsker fokus på tema, meir diskusjonar om korleis vi ønsker å ha det i vårt rike land. 

 

Eg var på eit seminar for nokre år sidan. Der var det ein psykolog (eller overlege) som snakka om korleis vi i dag rista på hovudet av lobotomeringa som skjedde før i tida, alle tvangstrøyene som vart brukt osv. Tenk at me stolte på desse legane. Så bad han deltakarane om å stille seg spørsmålet: Kva vil neste generasjon sei om oss? Han var ikkje i tvil; PILLEGENERASJONEN! Ein startar med ei pille, så må ein få ein ny type for å dempe bivirkningane på forrige, så blir ein kanskje deprimert, og må få ei pille for det også...og slik fortsetter det. I dag treng me ikkje tenke sjølv, me treng ikkje være triste, ei heller kjenne på vondter: Me tar ei pille!

Skremmande å sjå utviklinga. I dag er det lettare å få resept på tunge medikamenter, enn det er å få tett oppfølging med samtaler. Det er nesten umulig å få hjelp dersom ein ikkje tar i mot tablettar. På psykiatriske avdelingar høyrer me at det er viktigare for pleiarane å sitte å strikke, enn å snakke, eller gå tur med pasientane. 

Me lever i 2018, og sjølvsagt er det fantastisk at me idag har kome så langt at me kan få lindra smertene våre med tablettar. Eg stiller likevel spørsmålsteikn med at legane, som me skal stole på, veit mindre om tablettane dei deler ut - enn mange av oss andre som ikkje er legar. Når det står "sterkt vanedannande" på ei pille-eske, korleis kan ein lege forsvare at desse blir gitt pasientar i årevis? Tenker dei på kven som skal hjelpe til når pasienten treng avrusning? Når dei deler ut medikamenter som gjer at dei til slutt endar opp med å ta sertifikatet frå pasientane, tenker dei over kor lenge dei har skrevet ut desse medikamentane før? At pasienten deira har kjørt i rusa tilstand, med lov av legen? Tenker dei over at dei er med på å øydelegge livet til andre mennesker? Ikkje berre dei som blir rusavhengige, men heile familiar og venner av dei rusavhengige! Det går ut over så ufatteleg mange. Relasjonar blir brutt, mange mister hus og heim, ungar, ektefeller, foreldre osv. 

Ein skal være sterk for å være sjuk heiter det, og er ein ikkje sterk nok, så havnar ein med posen full av piller som skal hjelpe mot ALT. Når ein ser i media i dag, og høyrer menneske fortelle om korleis dei trudde dei ikkje kunne leve utan både den eine, og den andre pilla, i dag er heilt utan medisiner - og FRISKARE ENN NOKON GONG! Då synes eg det er på tide ein stiller spørsmålsteikn ved reseptutdelinga! På tide at nokon spør om dei som skriver ut reseptane har ein plan for korleis dei har tenkt at pasientane skal leve. Kanskje dei etter kvart burde spørre seg: Kor lenge kunne EG tatt desse pillene? Kor lang tid går det før eit menneske treng å avrusast på dei forskjellige medikamentene? Ikkje berre dele ut reseptar, uten å tenke konsekvensar. Dei aller fleste har foreldre, søsken, barn, venner, ein arbeidsplass å fprholde seg til. Kven har ansvaret? Kven burde vite kva slike reseptar resulteter i? Kvar er medmenneskeligheten? Kven får det best med slike reseptar: Legen som slepp mas, eller pasienten som blir avhengig?

Mitt håp er at alle ein dag kan få den hjelpa dei treng! At me får færre rusavhengige, færre pårørande, og fleire lykkelige mennesker.

 

Songen er å finne på bl.anna. Spotify, iTunes og YouTube 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte