25. mar, 2018

Konsertplanlegging

Mi første frihelg dette året. Det var godt å stå opp, utkvilt og inspirert til å jobbe med konsertplanlegging i dag. Eg har mange planar. Nokre er eg godt i gang med, andre er berre på tenkestadiet. I dag sit eg og leitar gjennom songar til tre-fire forskjellige konsertar. Eg gler meg alltid til dei forskjellige konsertane eg skal halde, og er takknemlig for at eg får så mange forskjellige oppdrag. Å velge ut songar eg håpar publikum vil like, songar eg likar godt sjølv, og jobbe med å få varierte konsertar er tidkrevande, men veldig kjekt! Det må øvast, og eg må kjenne at songane er passande, både for meg og det enkelte publikum. Mykje skal stemme, og eg brukar mykje tid på å få det til å bli slik eg ønsker å ha det. Ein veldig god ting med slikt arbeid som eg held på med i dag, er at eg får inspirasjon til å gjere andre ting. Hovudet "kokar", og eg får lyst ti å arbeide vidare med andre prosjekter eg har. Det kjennes godt å få gjere det eg brenner for, og får meg til å kjenne at eg lever det livet som var meint for meg!

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte