30. jul, 2018

Beste soloartist - Sjøormcountry 2018

Fredag 27. juli var eg med i SjøormCountry i Seljord. Me var 3 finalistar, og er stolt, ydmyk og takknemlig over at det var eg som gjekk av med seieren. Både Tor-Ludvig og Marita er fantastiske songarar, så det var ingen sjølvfølge å vinne, det er heilt sikkert. Eg er ufattelig glad for å ha blitt kjent med dei begge to, og gler meg stort til å stå på scenen i lag med dei på countryfestivalen i Seljord neste år. 

Det er alt for lenge sidan eg har tatt meg tid til å skrive her! Eg er heldig som har hatt det travelt tenker eg...hehehe... Me har jo ein fantastisk sommar i år, så eg har jobba i hagen, sola meg, bada, sunget rundtomkring, og berre kosa megrett og slett. 

Nye låtar på gang, tru? Joda, eg har alltid noko liggande. Skriv ned eit og anna stikkord, kikkar på låtar eg har laga før, osv. Våkna i natt av at eg hadde laga DEN kongelåten! Tenkte at eg sko stå opp og skriva den ned, men så våkna eg plutselig i dag morges...hehehe... Nå huske eg sjølsagt ikkje verken tekst eller melodi, men det ligg og murrar i bakhovudet, så den kjem nok fram igjen når den er klar:)

Eg blir meir og meir klar for å sende avgarde ein låt eller to til Naswille, men det tar tid, og det kostar pengar. Eg er veldig glad i å leve i nuet, og då er det dessverre altfor lett å utsette ting som krever mykje arbeid når eg har det travelt med andre ting. Nå ska eg rett og slett ta meg sjølv litt i nakken, strame meg opp, og jobbe målretta, og kanskje eg til og med skal sette meg ein tidfrist for kortid neste låt skal sendes til Nashville. 

Det er mykje hardt arbeid å bygge seg opp som musiker, men det er berre SÅ verdt det! Tenk at eg har musikken både som jobb og hobby, det er bedre enn eg drømte om i barndomen og faktisk :-) 

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte