18. aug, 2018

Tilbake til kvardagen

Ein fantastisk sommar er forbi.

Eg har hatt ein travel, men fantastisk kjekk sommar! Har fått gjort mykje i hagen, alt er så lett å ta fatt med når det ikkje regnar. Heilt på tampen av sommaren har eg vert så heldig at eg har fått lagt asfalt i innkjørselen og i tunet - kor heldig er det muli å ver!!!

Nå er me allerede passert midten av august! Eg er takknemlig for den flotte sommaren me har hatt, men nå kjenner eg at det skal bli godt å koma i gong med den deilige kvardagen. Eg gler meg til seine, mørke kveldar. Tenne lys i stova, fyre i ovnen, finne fram gitaren og komponere litt musikk igjen. Eg har alltid likt hausten best av alle årstidene. Joda, me har mykje regn her på Vestlandet, men det er nå berre godt å ha ein unnskyldning for å finna varmen og roen inne;)

- Eg gler meg til haustfargane eg ser ut stoveglaset mitt.

- Eg gler meg til piskande regn på stovevinduene.

 -Eg gler meg til å ligga på sofaen og sjå på "hjernedaue" TV-seriar, og berre vera lat

- Eg gler meg til å kjøra lange inspirasjonsturar - aller helst i Telemark

- Eg gler meg til å gleda meg til jul

- Eg gler meg til å gå på kino/teater med eldste barnebarnet mitt

- Eg gler meg til å henta inspirasjon i haustfargane

- Eg gler meg til roen hausten gir meg

Sjølvsagt gler eg meg også til alle dei kjekke spelejobbane eg har framfor meg!

 

Eg gler meg til: EG SKAL I STUDIO!!! På tide med eit par nye låtar ut til publikum synes eg, så nå skal eg arbeide hardt, og målretta! Sjå gjennom gamle låtar, gamle stikkord, bearbeide, pirke på det eg kan pirke på, så er det berre å kjøra på! Eg lever drømmen min, og det er eg så ufatteleg glad og takknemlig for! Eg har så ufattelig mykje å være takknemlig for!

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte