30. aug, 2018

Nye sangar på gang

Me Vestlendingar har vore heldige med både temperatur og sol i år. Nå er hausten i anmarsj, og eg kjenner gleden langt inn i hjerterota! Eg finn roen i alle fargane, dei mørke kveldane og nettene. Tenna lys, fyra i ovnen, drikka kakao med krem (og masse sukker i...knis knis...) 

 

Med mørke, vind, regn og kulde kjem eg liksom meir i kontakt med mitt indre. Eg jobbar med fleire songar om dagen. Har jobba med dei i hovudet ganske lenge. Nokre trur eg er ferdige, skrevet for ei god stund siden. Andre er på ein måte ikkje komt ut av sjela mi enda. Dei ligg og samlar opp nok ord og følelsar før dei er klar. I kveld har eg jobba litt med ein sang som eg trur kan bli ganske kul faktisk:) Så kjem den skumle delen: Kven har laga den før? Er ikkje den melodien VELDIG kjent? Kan eg ha plagiert ein sang eg ikkje veit om? Denna melodien kom liksom av seg sjølv, og eg kunne den på ein måte før den var feridg! Off, det e berre SÅÅÅ skummelt!  Uansett, eg jobbar vidare. Kan ikkje gi opp, VIL ikkje gi opp. Sjela mi forlangar at kreativiteten må få komma ut i dagslys innimellom. 

 

Me skriv snart september! Og september i år blir ein veldig travel og kjekk mnd! Eg er spent på korleis eg skal komme i mål med dei sangane eg har lyst. Spent på om eg vil fÅ FØLELSEN! Kjenna i hjerta mitt at DEN sangen blei bra, den blei AKKURAT som eg hadde tenkt, eller - endå bedre: Den blei berre SÅÅÅ mykje bedre enn eg hadde trudd gjekk an! Uansett, ein, eller to, eller tre, eller kanskje fire sangar skal eg ha med meg i studio nå i september. Gler meg til prosessen framover, læringskurven, all gleden, sjelevandring osv. Aller mest gler eg meg til eg kan presentera nye sangar til DEG! Håpar dei fell i smak.

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte