16. okt, 2018

Inspirasjon

Kvar kjem inspirasjonen fra?

Innanfra?

Utanfra?

Fra ingen plass?

 

Eg veit ikkje alltid, nokre gonger ER den berre der! I dag er det sånn. Det er fullt, det er tomt, eg kjenner songane som vil ut. Eg høyrer melodiane, kjenner tekstane, budskapet eg vil ha ut. Straumen av tankar, ord og melodiar. Noko festar seg, noko er i fri flyt. 

Eg blir sliten, ernergisk, trøtt og våken på same tid. Kjenner at eg lever, og gjer akkurat det eg er meint til å gjer. Nokre gonger kjennes det som at eg ikkje har noko val. Andre gonger opplever eg livet mitt som ein draum, og kjenner kor heldig eg er som har turt å satse på det som gjer meg så godt. Frivillig tvang er det noko som heiter, og på mange måtar kjennes det ofte slik ut.

Idag kjenner eg på gleda av å være til, gleda av å få leve livet mitt slik eg gjer, og ikkje minst gleda av musikken som gir meg så mykje, på alle plan.

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte