18. nov, 2018

Sliten, men takknemlig og glad:)

I går hadde eg, som alltid, ein veldig kjekke kveld på jobb. Søndagen er ikkje alltid min beste dag. Helsemessig så er den som regel to-delt.

1. Kroppen er som eit tomt batteri, litt verk og vondter, trøtt og sliten. Stemma er som ein fjortis i stemmeskifte, om det i det heile tatt kjem lyd...hehehe...

2. Hjerta og hovudet er opplada. Alle dei kjekke folka eg treff, alle dei gode minnene eg samlar på i jobben min. Gode tilbakemeldingar. All latteren eg tar meg med meg heim. Gode, snille folk som eg er så heldig å få bli litt kjent med. Alle historiane eg får ta del i. 

 

Livet byr på alle slags utfordringar. Det er nok ingen som går gjennom eit liv utan. Nokre har det lettare enn andre, andre har det så mykje vanskeligare enn andre at ein blir imponert over kor godt dei klarar seg. Mitt liv er ikkje utan utfordringar, eg møter både gleder og sorger, opp- og nedturar, men livet mitt er bra. Eg synes det er viktig å ta vare på GLEDENE, så eg velger å være lykkelig. Eg er takknemlig for det eg har i livet, takknemlig for alle mine nære, barn, barnebarn, og øvrig familie og venner. Eg tenker at noko av det viktigaste som finnes er takknemlighet. Er ein takknemlig, så blir utfordringane lettare å takle.

 

Eg samlar på hjerter eg finn i naturen. Bildet er har lagt ved i dag, er rett og slett ein oljeflekk på eit betonggulv. Hjerter gir meg glede, og av og til dukkar hjertene opp akkurat når eg treng dei. 

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte