22. nov, 2018

Det nærmar seg jul

I år, som i fjor, og åra før det, så gler eg meg til jul. Eg likar dei mørke kveldane me har om vinteren, alle lysa som tennes i vinduer og hager, og lyser opp for oss. I år er eg så heldig at eg får vera med og synga på julekonserten som arrangeres av- og for Ølen Kulturhus søndag 2. desember. Eg skal også vera med og synge julesongar på åpningen av Julemarkedet i Haugesund torsdag 29. november. 19. og 20. desember skal eg halde julekonserter på Vindafjordtunet, og Ølen Omsorgssenter. Eg synes eg er veldig heldig som får muligheten til alle desse forskjellige oppdraga, i tillegg til trubadur-oppdraga mine. Det å få bruke meg sjølv på fleire måtar er fantastisk. Eg føler at eg ikkje stagnerer på noko vis, eg er i utvikling heile tida.

Eg var i studio hos Keith Austin i september. Der spela eg inn 4 av mine egne låtar. Eg føler ofte at eg ikkje har tid til å skrive, og drøymer om å busette meg "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" ein gong i framtida, men eg er jammen ikkje sikker på om eg hadde fått tid til så mykje meir komponering der heller...hehehe... Eg har fleire songar på lager, både ferdige, påbegynte, og på tankestadiet. Eg gler meg kvar einaste dag over at eg får gjere det eg likar aller best, og eg er takknemlig for alle gode tilbakemeldingar eg får - dei er så absolutt med på å drive meg vidare framover i livet.

Livet byr på både motgang og medgang, men dersom me fokuserer på det som er positivt så får me eit bedre liv, det er eg heilt sikker på! Motgangen kjem, før eller seinare, nokre gonger oftare enn me skulle ønska. Likevel kjenner eg, for min eigen del, at når eg fokuserer på gleden, og takknemligheten over det som er bra, så har eg det godt likevel. Om det meste ser svart ut innimellom, så er eg uansett:

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte