27. nov, 2018

Ny EP - Acoustic

I september var eg så heldig at eg var i studio hos Keith Austin. Eg har spela inn 4 nye, eigenskrevne songar, som blir gitt ut digitalt i løpet av desember. Det er alltid skummelt å gi ut eigen musikk, men eg synes det er ekstra skummelt denne gongen. Utgivelsen er akustisk, så det er eit meir nært, nakent og ekte utrykk. Det er ikkje eit slikt "glattpolert" uttrykk som ein vanligvis har på ein utgivelse.  Berre det at eg spelar gitar sjølv, er kjempeskummelt...hehehe...Eg trør stadig over eigne grenser, og gir meg sjølv utfordringar eg aldri hadde trudd eg skulle komme til å få. 

 

Eg er så ufattelig glad og takknemlig for at eg har fått denne muligheten hos Keith Austin! Han er med og spelar på songane, så eg er heldigvis ikkje HEILT åleine med gitaren...hehehe... Han har gitt songane mine kulør, og likevel har eg fått behalde dei slik at dei kjennes som mine.  

 

Eg kan vel seie at desse songane gir eg ut litt sånt "med hjartet i halsen" - men det er vel akkurat slik det skal være når ein "hoppar bukk" over egne grenser. Sjølv om det er skummelt, så betyr jo ikkje det at det er farleg, og då er det jo ikkje noko å lure på lenger. Eg strekker meg, gruer meg, gleder meg, og kjenner at det er herlig å leva rett og slett.

 

Det er berre EG som setter grenser for meg sjølv, og eg kjenner at det er på tide å bryte opp nokre av dei, og gjere det som kjennes rett

- for MEGHjerte

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte