4. des, 2018

Julepynting - tradisjonen tro - eller nye tradisjonar?

Det er ufatteleg kor fort tida går - kalenderen skriv allerede 4. desember! Eg er veldig glad i desember månad, og i år har eg nesten overgått meg sjølv trur eg. Eg har ikkje berre hengt opp julegardiner, og satt fram adventstakar, eg har til og med satt fram resten av julepynten - OG pynta tre! Då ungane var små pynta eg med lilla i adventstida. Sjølve julepynten kom fram siste veka før jul, og juletreet skulle IKKJE i hus før litlejulafta! Treet skulle være EKTE! Julepynten skulle stå til 13. dag jul, men DER gjekk grensa. Hos meg har jula som regel blitt fjerna 1. nyttårsdag. 

Ehhh....atte...kreeeemt;) Nå er eg allerede ferdig med julepyntinga, men eg ser ikkje bort frå at det kanskje kjem litt meir fram når det nærmar seg. Eg synes det er herlig å få røde gardiner opp, kjenne det blir litt lunare i stova. Masse lys, både julelys og stearinlys set stemninga. Mange skriv om jula i desse førjulstider, og mange synes det er forferdeleg at julepyntinga er så tidleg hos mange nå. Eg kan endeleg være glad i gamle tradisjonar, men det er nye tider, og eg ELSKAR den nye tradisjonen med at ein kan ha eit skikkeleg julehus i heile desember! Tidligare så var jula knapt komen i hus, før me skulle kasta den ut. Nå får me nyta julefargar, pynt og kos i fleire veker. Kjenne korleis ein gler seg til julehelga. 

 

Skal tru om det har med at me lever i ei travlare tid? Dei fleste jobbar mykje, og har gjerne mange andre ting dei fyller fritida si med? Kanskje ein ikkje klarar å ta seg tid tid til å nyte julehelga slik ein gjorde før? Kanskje dei travle tidene gjer at ein synes jula blir altfor stressande dersom ein må både pynte, handle julgaver, vaske hus, og alt anna som følger jula i løpet av den siste veka? 

 

Eg for min del stressar nok meir enn eg ønsker, og eg skulle gjerne blitt flinkare til å prioritere å gjere ingenting. Men om eg stressar, så har eg lyst å ha jul i heimen, lyst å kjenne at eg gler meg til roligare dagar, fredfulle dagar med film og mat og kos. Når eg nå har pynta ferdig så tidlig, så er det ikkje fordi eg ikkje har tid siste veka, det er fordi eg har lyst å kjenne på julestemninga. Lyst å kjenne at eg gler meg til jul. Lyst å ha det koselig rundt meg. Lyst til å nyte denne tida lengst mulig. Og når 1. Nyttårsdag kjem, så gler eg meg stort til å få ut mesteparten av jula. Skulle gjerne hatt julelysa lengre, for det er så koseleg, men når jula er ferdig, så er ho ferdig, og eg er klar for eit nytt år.

 

I dag har eg satt pinnekjøttet på kok, laga riskrem, jordbærsaus, dekka bord, skrelt poteter og kålrot. Om nokre timar får me gjester, og skal kosa oss med deilig mat. Joda, livet er herlig! 

 

I ledige stunder skal eg også finne fram gitaren, og kose meg med julesongane som eg skal synge på julekonsertane 19. og 20. desember.

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte