6. des, 2018

Stå opp igjen...

Joda, så var det klart for ei jobbenatt igjen då. Eg som var så trøtt. Omtrent i dét eg la meg i senga - så våkna eg. Dvs hjernen våkna. Sjela våkna. Skrivelysta våkna. Sanglysta våkna. Så etter ein times tid med overtrøtt kropp, og overgira hjerne, så var det berre ein ting å gjer: STÅ OPP IGJEN!

 

Av og til er det berre deilig når skallen min ikkje gir meg fred, men i natt er eg egentlig alt for trøtt til å jobba med musikk. Likevel kjennes det som at eg ikkje har noko val. Eg kan ikkje sei at eg har gjort så mykje komponering som "viser igjen" på papiret, men eg kjenner likevel at eg er kome eit stykke vidare på eit par songar eg har "hatt på gang" ei stund. Litt småendringar i melodi og tekst, eit par nye stikkord, og tankane har sendt meg ut på nye eventyr. Eg kjenner på gleden av mitt kreative indre. Eg har i grunn hatt ein litt tøff, og travel haust, så skrivinga har eg ikkje hatt så stor plass til som eg har ønska. Eg har kjent på savnet etter den spesielle gleden eg får av å skrive og å komponere. Samtidig så har vissheten om at "alt er ein overgang" gjort at det har vore greit å la tankane kvila litt. 

 

Eg trur ikkje eg kjem så mykje lenger med desse songane i kveld, men prosessen har kommet eit lite stykke lenger, og framover så veit eg at underbevisstheten min jobbar kontinuerlig. I natt jobbar den nok såpass hardt at eg ikkje treng prøva meg på å finne senga igjen. Det blir nok sofaen dei siste timane av denne natta, så kan eg glede meg til cowboystrekk i morgon - som mest sannsynligvis vil bli ekstra lang. Det er pluss og minus med det meste her i livet, men eg fokuserer så lite som mulig på minus sidene, og legger heller litt ekstra til på pluss sidene. 

 

Eg veit eg gjentar meg sjølv - gong på gong - men det kan ikkje seiast ofte nok:

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte