12. des, 2018

"Acoustic" kommer 20. desember

Endelig er datoen bestemt. Min nye EP "Acoustic" slippes torsdag 20. desember. Som eg har skrevet tidligare, så er det noko heilt anna å gi ut musikk akustisk. Det er berre eg og gitaren, ikkje noko "fiksfakseri" og en haug med "takes" før ein syns resultatet er perfekt nok. Her er det ikkje verken orkester eller andre effekter å gøyme seg bak. 

 

 

 

 

Korfor akustisk?
Tja, det kan være fleire grunnar til det. Ei akustisk utgiving gir meir plass til stemma. Det gir rom for den nære følelsen, som kjem på ein annan måte. Det gir rom for "feil" og "uperfeksjonisme". Ved "vanleg" studioinnspeling" har ein ofte mange "takes" før alle tonar og uttalelsar er perfekte. Når ein så skal framføre songane live, så er det ikkje så ofte ein klarar å synge absolutt alt perfekt. Ei anna side av ei akustisk utgiving er at det er mykje rimeligare. Det å spele inn musikk i studio, men innleigde musikarar, er kostbart. 


Eg syns det har vore ei lærerik erfaring, som absolutt gitt meg meirsmak. Det varierer med tid - og inspirasjon - til å lage nye låtar, men eg har alltid nokre songar som "ligg på lur" og jobbar litt på eiga hand. Eg har planar om å gi ut meir musikk, så eg gler meg allerede til neste år.

 

Takknemlig for livet mitt❤