4. jan, 2019

Velkommen 2019

Tenk at me skriv 2019 allerede. Eg begynner å skjønne setningen "åra går fortare og fortare, jo eldre me blir". Det er lite å gjere noko med, men kanskje desto viktigare å nyte øyeblikka me har. Me får ikkje åra tilbake, så det kan værer greit å fylle dei med ting som gjer oss godt. Det er ikkje alltid like enkelt, det blir ofte sånn at eg alt for ofte er "der framme" - ein eller anna ny plan, ein eller anna ny sang på gang osv. Nokre ting må sjølvsagt planleggast, men nokre gonger er det faktisk viktig å "drite i" alle slags planar, og berre NYTE! 

 

Sidan det er så tidlig i januar, så blir det gjerne som eit nyttårsforsett, men eg har tenkt på det lenge. Eg skal øve meg på å ha mobilen meir på lydløs, og øve på å legge den vekk, og ikkje minst: Ikkje gå og sjekke om det har skjedd noko. I desse medie-tider så kjenner eg at det er deilig å ikkje alltid være tilgjengelig, samtidig så skal det ikkje gå så lange stunda, før eg sjekker om det kanskje er nokon som har prøvd å få tak i meg. Det meste kan vente. Det går jo an å ringe tilbake når eg ser folk har ringt. Me er heldige i dag, som lever i Norge, og har det så godt. Me har både tenkelige, og utenkelige, duppedingsar og hjelpemidler. Treng me alt, til ei kvar tid? Eg tenker, NEI det gjer me ikkje! Eg skal trene, for min egen del. Eg vil leve det livet som er godt for meg, trene på å kjenne etter på kva som er godt for meg. I våre dagar går livet så fort, at eg trur me er mange som berre "heng med" og faktisk ikkje kan sei med sikkerhet kva som er best for oss sjølv. 

 

Å starte med trening etter nyttår, er eit kjent nyttårsforsett, så eg tenker at dei kiloane som kom på i julehelga, skal få være der - inntil videre. Eg kan heilt sikkert begynne å trene når eg har meir lyst, når det blir betre vær, eller kanskje til neste år;)

 

Eg trener ofte på å være takknemlig. Takknemlig for alle eg har i livet mitt, barn og barnebarn, familie og venner. Takknemlig for alt eg får være med på, takknemlig for at eg har huset mitt, bilen min, ved til å holde varmen med. Takknemlig for at eg har mat. Takknemlig for dei dagane eg er uten smerter. Takknemlig for at smertene mine har blitt bedre. Takknemlig for mitt gode humør. Takknemlig for at eg er så heldig at eg får drive med det som gjer meg aller best: Å holde på med musikken<3 Eg leitar etter ting å være takknemlig for, eg er veldig bevisst på det, fordi det gjere så godt. Alt det andre, motgangen som gjerne kan være tung å takle, det kjem av seg sjølv. Det er ingen som slepp unda motgang, men eg for min del, synest motgangen blir lettare å takle når eg veit kor masse anna eg har å være takknemlig for. 

Eg skal førtsette å samle hjerter i år også. Det hender "rett som det er" at hjertene dukkar opp akkurat når eg treng dei.

 

Takknemlig for livet mitt