24. feb, 2019

Stemmelaus, men ikkje tankelaus

I dag
kunne eg tenkt meg
at det fantes
ein kildesorteringsstasjon
for tankar 

 

Eg trur absolutt
alle antennene mine
er ute på samme tid!
Det ramlar inn
idear  

 

Kanskje er det ikkje
songar dei skal bli til,
men dei ropar.
Alle orda
på same tid

 

Litt godt
litt stressande
Eg lagrar dei
orda mine
tankane mine
melodiane

 

I hjarta
er det
god plass
god tid

 

Når stemma
er tilbake
er sjela mi
i rute