21. okt, 2019

Nye låtar på gang

Det har ikkje vert mykje skriving i år! Eg har hatt det travelt, men eg kan nok ikkje skulda på det, for det er ofte når eg har det som aller travlast at eg skriv mest. Sånn er det nå om dagane! 

 

I september var eg på tur i Nord-Norge. Eg, campingvogna og gitaren. Berre meg sjølv og mine tankar - MAGISK! Køyrde 4120 kilometer. 15 GODE arbeidsdagar! Eg "sanka inspirasjon" - og lagra den ein eller anna plass. Satte det på vent innimellom alle desse kvardagane som kommer og går. Den siste tida har berre ikkje inspirasjonen holdt seg der eg hadde tenkt den skulle. Hovudet mitt er full, og sjølv om det ofte er det, så er det ikkje alltid det kjem så mykje "fornuftigt" ut av det;) Eg får inspirasjon av den aller minste ting for tida. Har stikkord, tonar og tankar om det meste. Eg veit ikkje kor mange songar det er som ligg og lurer under topplokket mitt, men det er ikkje tvil om at det er mange fleire enn eg har kapasitet til å holde følge med! 

 

Eg sit og ser på TV, prøver å koble av, men må stadig sette på pause for å skrive ned nokre ord, plukke opp gitaren som ligg under salongbordet, eller oppi sofaen.

Spele nokre grep

Nynne nokre tonar

Sette dei saman

Skrive ned nokre ord igjen

Av med pauseknappen

Sjå litt meir TV serie

PANG - Ny idé

Følelsane mine kranglar

gode

vonde

travle

slitne

inspirerande

trøttande

dumme 

morsomme

 

Alt i alt, er eg ufatteleg takknemlig for at det ikkje ser ut til å ville ta slutt. Det går berre i bølgedalar - som det meste her i livet.

 

Akkurat nå - ja, akkurat nå - er livet mitt godt!

❤Takknemlig for livet mitt❤