10. nov, 2019

Inspirasjon

Når eg trudde det ikkje var mulig å få plass til meir i hovudet, så ramlar det inn idéar som eg syns blir bedre og bedre! Idéane kjem på løpande bånd, og det er vanskelig å holde følge med meg sjølv. Problemet er sjølvsagt at det er vanskelig å ferdigstilla. Eg stortrives når eg har det sånn, samtidig så er det vanskelig å føle at eg ikkje blir ferdig med songane. "Alt til si tid" er det noko som heiter, men når eg er "midt i orkanen" så hadde det vert godt å kunna kjenne på følelsen av at nokre orkanar kunne ha roa seg litt...hehehe...

 

Dei fleste tankane som svever rundt i hovudet mitt om dagen, gjer at eg får lyst til å skrive ein ny sang. Når eg startar på nye songar, så kjem det ofte så mange idéar, at eg må begynne på ein ny song. Somme av songane passar plutselig saman, og det kjennes som at eg virkelig er inne på noko. Andre songar igjen, blir plutseleg vraka fordi dei kjennes heilt feil.

 

Eg kjenner behovet for å trekke meg tilbake, inn i "hula mi", inn i min egen verden, den verdenen eg likar aller best - MIN verden! Kjenne på skapargleden, stillheten, freden, orkanen - ja, ALT det gode som gjer at eg fremdeles kjenner at eg har verdens beste yrke.

 

Eg kjenner på ein takknemlighet, for livet mitt, for alle dei eg har rundt meg, alle mine nærmaste, ungane mine, barnebarna mine<3 Sjølv når det blir tungt, og eg føler eg står fast, tar eg fram takkneligheten. Hobby, lidenskap og jobb smeltar samen, og eg kjenner at det er heilt rett - for meg.

 

Eg ønsker for DEG, at du finn DIN lidenskap, det DU trenger, og at du skaper deg det livet som er rett for DEG<3 Husk å telle gleder og takknemlighet. Ta valg som er gode for DEG. Kjenn at du lever det livet som er rett for DEG. Husk at me gjer alle våre egne valg, og at alt me gjer her i livet, er valg. Ikkje alle valg er lette å ta, men når ein bruker tid, arbeider med seg sjølv, så kan ALLE nå dei måla ein drømmer om - å lære seg å velge det som er rett for seg sjølv. Då kjem inspirasjonen!

 

Takknemlig for livet mitt