15. des, 2019

Mitt 2019

Det er heilt ufatteleg, me er straks ferdige med 2019, og skriv snart 2020! 

Mitt 2019 har vert nok eit fantastisk musikk-år, og eg takkar publikum for alle gode tilbakemeldingar! Det er dåken som er grunnen til at eg held på med musikken, dåken som er grunnen til at eg kosar meg så ufatteleg mykje på alle spelejobbane mine! Det er også dåken som er grunnen til at eg får inspirasjon til å skrive ny musikk!

TUSEN TAKK!

 

I helga hadde eg mi siste jobbehelg i 2019. Julebordspeling for fantastiske folk, fredag og lørdag i Eidfjord. Eg synes det var ei fin avslutting på dette arbeidsåret. Resten av dette året skal eg ha fri, være saman med familie og venner både jul, romjul, og nyttår. I romjula pakkar eg kofferten (eller fyller bilen til randen... knis knis...) og reiser til diktarståvo mi i Skånevik i lag med ei god venninne. Der blir eg heilt til neste år. Gitaren skal sjølvsagt være med, så eg ser fram til herlige dagar med mykje lått og løye, men også skriving av ny musikk. Det kan  vel ikkje finnast noko betre enn å reise i lag med ei kreativ venninne, der me begge skal jobbe med kvar våre prosjekt! Nyttårsafta skal eg feire på Skånevik Fjordhotell i lag med gode camping-naboar, og heilt sikkert mange gode Skåneviksbuar, så eg ser fram til resten av 2019:)

 

Eg er så ufatteleg takknemlig for at eg får halde på med musikken. Den gir meg så mykje glede. Musikken er mi glede, men også mi trøyst! Me treng alle trøyst innimellom, og eg er ikkje annleis skapt enn andre, så når eg får tunge stunder så er musikken mitt verktøy. Ingen år er like, men alle år inneheld både glede og sorg, medgang og motgang. Gledene og medgangen, deler eg med glede raust av. Sorgene og motgangen, dei tunge stundene, synes eg er private. Dei deler eg med mine nærmaste, familie og vener. Ein treng alle noken å snakke med når me ikkje har det så lett, og eg er glad og takknemlig for at eg har både familie og venner som eg kan snakke med når eg treng det. 

Det nye året inneheld mange planar og drøymar, og eg gler meg til både nye spelejobbar, nye bekjentskap, og meir skriving av nye låtar. Eg gler meg til familiehygge, fritid, nye musikalske opplevingar og tid saman med gode vener. Eg gruar meg ikkje for eventuelle sorger og motgang, for eg veit at eg er så heldig at eg har eit nettverk rundt meg. Det gjer meg både trygg og sterk.

Eg ønsker deg ei Riktig God Jul, og at du får eit Godt Nytt År som bringer deg mykje glede. Søk etter gleder i livet ditt, ta vare på gode opplevingar, og del eventuelle tunge stunder med mennesker som vil deg godt. Eg tel hjerter eg finn, og eg ser på dei som lys i kvardagen, trøyst i tunge stunder, teikn på kjærleik når eg kanskje ikkje visste at eg trengte det. Eg velger å leite etter grunnar til å være takknemlig og glad. For meg så har det resultert i at fokuset på det negative og tunge blir mindre og mindre, og gledene og takknemligheten større og større.

 

Takknemlig for livet mitt