6. jan, 2020

Velkommen 2020

Så var me altså kommet til 2020 allerede! 

Eg har fleire spennande planar for dette året, og gler meg til å ta fatt på det! Eg har vert i "skrivemodus" ei stund nå, og det er ein god følelse. I kveld har eg kikka gjennom fleire av mine påbegynte låtar, og plutselig sa det berre STOPP! Ingen av låtane virka bra lenger, og fleire av dei virka som om dei egentlig kunne vore fletta saman til ein - i steden for fleire. Eg føler meg som ei "forvirra veggalus" 

 

Eg trur kanskje det kan ha å gjere med at eg er veldig trøtt etter ei kjekk, men travel helg. Eit par dagar med litt ro, så tar det seg sikkert opp igjen. Når eg er gira på noko, så har eg ein tendens te å "kjøra på" - og plutselig så skjønar eg liksom ingenting av korfor eg er så trøtt og sliten. Så kjem eg på det: Eg trenger faktisk ro! Ro til å vera berre meg, ikkje tenka på nye tekstar, melodiar, jobbar osv. Det er frykteleg vanskeleg synes eg. Det er så lett å berre "kjøra på" når alt kjennes bra. 

 

Akkurat nå er eg så trøtt at eg nesten ikkje veit til å halde augene åpne lenger. Det bør eg sikkert ta som eit teikn på at eg treng sova litt. Dersom eg er heldig, så virkar vel både tankar og gitar i morgon også;) Eg kan iallefall ikkje klage på at eg kjedar meg. Akkurat nå kunne eg nesten heller tenkt meg det...men i det store og heile, så eg eg veldig takknemlig for at eg har denne kreative hjernen - sjølv om eg til tider kan bli fullstendig utkjørt av den. 

 

Takknemlig for livet mitt❤