14. mai, 2020

Rare tider - gode tider

Dette hjerte dukka opp i bunn på ein kaffikopp i dag, det tar eg som eit godt teikn. Det gjer alltid godt å finne hjerter som dukka opp på ukjende plasser.

Året 2020 har blitt et spesielt år for de aller fleste av oss. Eg har savna å spele for publikum, så når det åpna seg for litt større folkemengder, så var eg ufatteleg takknemlig! Eg har dermed plutseleg hatt to spelejobbar. Heilt fantastisk å møte publikum igjen! Likevel er det veldig rart. Me får ikkje klemme kvarandre, me må halde avstand, ikkje håndhelse osv. Ofte blir det sagt at me nordmenn er så "kalde" - at me ikkje er så flinke å klemme...men jaggu merkast det at me faktisk eigentleg er flinke til det - når me gong etter gong må ta oss i at me ikkje KAN gjere det lenger. Om det er tunge tider for mange, så tenker eg at me kanskje kjem til å bli endå flinkare å klemme kvarandre seinare - når me endeleg KAN det. Eg GLER meg til den dagen kjem!

For tida har eg "flytta heim igjen" - dvs at eg brukar mesteparten av tida i diktarståvo mi, i mi kjære heimbygd Skånevik. Jobbar med nye låtar, legg planar for tida framover. Nye drømmar gror, og nye songar ligg og lurer. Gitaren er framme kvar dag. Eg øver på gamle songar, og eg øver på mine nyaste songar. Det å være her i denne vesle hytta mi (mindre enn 16kvm) gjere ufatteleg godt for sjela - og kreativiteten. Eg kjenner at eg er mindre stressa i kroppen. Livet er plutselig til berre for å nytast liksom. Når eg er så heldig at eg har hobbyen min som jobb, så kjennes det nesten ikkje som jobb å jobbe...hehehe... Eg kjenner på meg at denne sommaren blir bra!

 

Takknemlig for livet mitt❤