24. aug, 2020

Litt om verdiar, Covid-19 og forskjellar

Året 2020 har vore spesielt for mange. Covid-19 har gått ut over mange firma, mange mennesker. For oss musikarar har det betydd mange færre spelejobbar. Eg har brukt tida på å arbeide med musikk. Låtskriving, og tenking. Året har blitt mykje meir sosialt enn tidligare. Tid til å tenke har det vert meir av, og det er ikkje feil for min del. Eg er glad i å tenke. Eg filosoferer mykje til vanleg, så det er ikkje noko nytt fenomen;) 

 

Kva verdiar har mange av oss i verden i dag? Eg kjenner ofte på ein tristhet over at det som blir ansett som verdiar i verden ofte inneheld pengar, makt, overflod av det meste. Media skriv om alle dei som ikkje har kunna reisa på sine vanlige utelandsferiar pga Covid-19 i år. Som om det var noko av det verste som kunne skje... Dei som ikkje har hatt råd til verken den eine aller andre ferien på MANGE år, blir ikkje nevnt... Dei som ikkje mottar stønad frå det offentlige, og står utan pengar i mange månader....ikkje eit ord... Dei som lever under fattigdomsgrensa år etter år, både før og etter Covid-19...finnes dei ikkje lenger liksom?

 

Eg savnar dei gode verdiane. Den gode omsorgen. Det å klare seg med mindre. Ikkje berre grabbe til seg, og sjå til at den enkelte blir rikare og rikare. Kva skal ein med masse pengar, verdiar og makt, dersom ein ikkje har nokon å dele det med? Kva skal ein med all rikdomen, dersom det går på bekostning av andre? Rikdom er vel og bra, velstand er vel og bra. Me mennesker er nok skapt slik at me ønsker oss minst mulig bekymringar. Men kva bekymringar er verdt å ha? For nokre er det viktig å ha mest mulig makt og pengar, og dei er villige til å ofre mykje for å få dette. For andre er det dei nære tinga som tel mest. Dei fleste av oss ønsker eit bra liv, me har berre forskjellig meining om kva som er eit bra liv for oss sjølv.

 

Eg har fått med meg at fleire drøymer om eit enklare liv. Kanskje Covid-19 framskundar dette for nokre. Kanskje nokon endeleg kjenner at tida er inne for å endre livsstil. Kanskje nokon ikkje har noko valg, og blir tvunget ut i ein fattigdom som ein ikkje hadde trudd kunne skje med ein sjølv? 

 

Eg drøymer om ein bedre verden, der me kan ta vare på kvarandre. Hjelpe kvarandre, bry oss om kvarandre. Tenke litt meir på andre enn oss sjølv. Jobbe for ærlighet, sannhet, omsorg og kjærlighet.

 

Synes Cornelis Vreesvijk seier det ganske så bra: Du kan ingenting ta med dig dit du går...

 

❤Takknemlig for livet mitt❤