19. des, 2021

Tankar i natta...

Ja, nå hadde eg eigentleg tenkt at eg skulle vert i gang med å bygge "Tiny-huset" mitt. I staden enda eg opp med å kjøpe meg eit lite rekkehus i Skjold. Det har nok aldri vert drømmen min det, men akkurat i dag, så er det her eg lever og bur. Å bu i eit skikkelig hus har sjølsagt mange fordelar, spesielt med alle fasilitetar som er vanlege for dei fleste i dag. 

Eg har budd på 15 kvm i halvanna år. I ei enkel campinghytte som heilt sikkert var isolert litt ein eller anna gong då den vart bygd, men som nå er ganske trekkfull:) Om sommaren hadde eg kaldt vatn i ein hageslange i gangen. På hybelkomfyren kunne eg laga dei middagane eg hadde lyst på. Sist vinter bar eg vatn i kanner, og eg måtte gå ut for å gå på toalettet, ta ein dusj osv. Eg stortrivdes på hytta mi, men eg hadde eit ønske om noko som var mitt eige, og sjølsagt innlagt vatn, toalett og dusj. 

Den roen og freden eg hadde i sjela mi når eg budde på hytta, kan ikkje måla seg med noko anna. Stillheten som eg alltid har trengt. Eg finn ingen ord som kan beskriva den følelsen. Eg trur rett og slett det må opplevast for å forstå. Jammen er det mange fordelar med å bu så enkelt óg! 

Den viktigaste grunnen til at eg ville bu som eg gjer nå, er sjølvsagt ungane og barnebarna mine. Det er veldig stas å kunne ha dei på middag, uavhengig av vér og kva dag det var. På hytta måtte det være fint vér, fordi det var ikkje plass til meir enn 3-4 stk inne. I tillegg tok det éin time for dei å køyre til meg, noko som gjorde det vanskeleg i kvardagen med jobb og små ungar. 

Nå bur eg berre nokre få meter frå eldste son min, så barnebarna kan komme innom meg kvar dag. Han minste, på 5 år, kjem kvar einaste dag, og det er heilt fantastisk! Å få åleinetid med han, kose oss med kjeks og brus, sjå på TV, snakke og le. Det er så magisk, at eg får heilt vondt når eg kjenner at eg aller helst ville budd på ein anna måte. 

Korleis kan eg klare å flytte inn på hytta til påske? Eg veit sanneleg ikkje. Ungar og barnebarn er verdiar som ikkje kan måle seg me noko anna, samtidig som eg skal ta vare på meg sjølv. Det er ein kabal som eg ikkje veit korleis eg skal løyse i dag. Heldigvis så treng eg ikkje svar på alt akkurat no, men FOR ein prosess som har starta i hovudet mitt. Eg kan jo ikkje bu begge plasser. 

Eg har aldri sett på meg sjølv som eit A4 menneske, meir som den som har prøvd å leve som "folk flest". Prøvd å tilpasse meg denne verda, og måten me lever på i dagens samfunn. Eg ser sjølvsagt mange fordelar med det, men for min del så er det også mykje indre stress med det. Eg merkar for eksempel at straks eg var komen meg i hus, så kom alle ønske og behova som dei fleste andre mennesker har. Nye ting me liksom treng. Eg vil ikkje ha det sånn. Eg vil ikkje ha dei ønska og behova. For meg så er det berre eit jag etter ei lukke som ikkje gir meg ekte lukke. Samtidig så kjøper eg meg nye, fine ting, ønsker meg stadig noko, tenker at "berre eg får DET eller DET", så blir det bra. Det gjer ikkje det for meg. Det er ikkje materalistiske ting som gir meg lukke. For meg så handlar livet om å være ekte, kjenne på følelsar, skape noko, leve dag for dag uten å stadig vere på leit etter noko anna som kan gi meg lukke. Den lukka ein kjøper varer så uendeleg kort. Lukka ein skaper inni seg varer på ein heilt anna måte. 

Så kva gjer eg i Skjold i eit nytt hus? På mange måtar kjennes det ut som eg er på rett plass for øyeblikket. Eg lever livet, dag for dag, mens eg tenker at dette er heimen min for ei stund, ein slags mellomstasjon til eg landar på det som er HEILT RETT for meg. 

Og den største gleda har eg heilt i nærleiken;

❤ungane mine og barnebarna mine❤