18. feb, 2022

Tilbake til det eg elskar!

ENDELEG ser det ut for at me få "liva våre tilbake". Det har nesten kjentes som me ufrivillig har vert frarøva liva våre. Nå går det mot lysare tider, både i kvardagen og i årstida - DET kan eg lika:)

Eg synes det er like kjekt kvar einaste gong eg står på scenen, og eg er takknemlig for alle som kjem for å høyre på meg. I år skal eg nok fortsette som eg har gjort dei siste åra, nemleg nyte musikken og livet mitt.

Eg har planar om ein ny utgivelse i år. Denne gongen ein norsk single. Ikkje i min vanlige stil, men det gjer ingenting. Eg hadde lyst å lage ein litt meir feststemt låt, så då gjorde eg det.

Til sommaren skal eg på Norges-jobbe-ferie! Eg, Martin(altså...gitaren) og Hobbiten(altså...campingvogna) På mange måtar kjennes det ut som eg skal på ferie, men det underliggande målet er å sanke inspirasjon. Være i stillhet, nyte naturen, kanskje treff eg nye folk å snakke med, det hadde sjølvsagt vore kjekt. Eg ser mykje innover når eg skriv songar, og det kjem eg nok til å fortsette med. Det er det som gir meg noko, og eg har bestemt meg for at eg må skriva om det som betyr noko for meg - så er bonusen at andre folk også likar det.

Noko av det eg synes er så spennande med å vera låtskrivar, er at eg kan gjere akkurat som eg ønsker, eg kan gjere det som fell meg inn i øyeblikket. Eg treng ikkje gi ut alle låtane, men eg kan skrive alle eg vil. Eller alle eg får til;) Det er mange songar som ligg på vent, nokre har fått stikkord, andre ein liten tanke om ein melodi. Atter andre songar, ligg inn meg. Songar eg ikkje har fått tak i enda. Det er berre følelsen, det er ein song der inne...ein plass...:)

Så, gjennom mine mange mil, og mange veker i sommar, så skal eg sanka alt eg kan få tak i, skrive alt eg klarar, synge og nynne alt sjela mi treng. 

Når jobb og ferie går over i kvarandre, og mine nære og kjære støttar meg, då har eg all grunn til å vere:

❤Takknemlig for livet mitt❤