Kva med meg?

Eg har erfaring som pårørande til fleire rusavhengige, og ønsker å dele mine erfaringar med andre. Eg har eigne foredrag/erfaringsinnlegg om medavhengighet som eg kombinerer med eigen musikk.

Kva gjer det med DEG når nokon i nær familie eller vennegjeng er rusavhengig? Eg er opptatt av menneska rundt dei rusavhengige, og korleis ein skal få augene opp for at ein sjølv er viktig. At ein sjølv har ansvaret for eige liv, ansvar for å ha det bra, ansvar for å leve eit så lykkeleg liv som ein ønsker. Kven er DU? Kvar vil DU? Kva er DINE draumar? DU skal også leve <3

Eg ønsker åpenhet rundt temaet. Det å kunne dele med andre, søke støtte og trøyst hos kvarandre, og det at ein har nokon å snakke med når det stormar som værst, kjenne seg att i andre, og sleppe å føle at ein er åleine om å ha det slik, ser eg som svært viktig.  

HjerteSaman blir me sterkeHjerte

 

Ansvarleggjering av den rusavhengige er og eit tema eg er opptatt av. Me har alle ansvar for eige liv, også den rusavhengige.

 

Eg held like gjerne korte erfaringsinnlegg, som lengre foredrag der eg går meir i dybden på temaet.

 

Ta kontakt for meir informasjon og booking.

karolinetaraldsoy@gmail.com

mob. 47 02 96 94