Den kulturelle spaserstokken

Eg tar på meg oppdrag for Den kulturelle spaserstokken, og har etter kvart hatt nokre opptredenar på aldersheimar. Dette er ein jobb eg trivst godt med. Det er så kjekt å finne fram gamle songar som eg ikkje trudde var særlig fine. Så begynner eg å øve på dei, kjenner songane utviklar seg til å "bli mine" på eit vis. 

Eg er ikkje 20 år lenger, og kjenner det er kjekt å mimre litt frå eigen barndom og formidle litt av det til publikum. Det er ein givande jobb, og når eg ser og høyrer at publikum nynnar med, då kosar eg meg veldig. Kvar gong eg får spørsmål om ein sang eg ikkje kan, kjenner eg at den MÅ eg berre lære meg. Tenk om nokon spør etter den igjen - då skal eg kunne den :)

Eg er veldig takknemlig og glad for at eg har fått denne muligheten, å kunna synga for dei som har bygd opp landet vårt. Alt dei har slitt for at me skal ha denne velstanden. Det er stort å kunne gi litt tilbake. Eg håpar på mange slike oppdrag i åra som kjem.

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte