Vinnar av logokonkorranse

I november lyste Ølen Grendautval ut ein logokonkurranse. Då eg vart oppmerksom på det, tenkte eg at det høyrdes kjekt ut å prøve meg på. Eg fant fram blyant og papir, og starta å skisse. Eg likar prosessen i slikt arbeid, la tankane flyte fritt, og sjå korleis produktet endrar seg frå start til slutt. Ein kan aldri vite kva mottaker ønsker seg, og etter kvart som produktet utviklar seg, kjem også tvilen. Er dette godt nok? Kva er det som manglar? Skulle eg tatt med eit av elementa eg "vraka" tidlegare i prosessen? 

Eg "lir" av beslutningsvegring, men fann ut at eg måtte ta ei avgjering på kva design eg syntes var best, og stole på at mottaker ville tyde logoen slik eg hadde beskrevet, og likte både idè og design. Det svara seg denne gongen, då eg gjekk ut som vinnar. Veldig kjekt syns eg :) 

"Logoen illusterer Ølensfjorden sett frå sentrum, med dei kjente fjella på kvar side av den smale fjorden. Menneska i front illustrerer bindeleddet mellom innbyggarar og kommune. Samtidig illusterer menneska at me står saman og har det bra i bygda vår"

Scenograf for Sandeid Teater - 2017

I år, som i fjor har eg vert scenograf for teateret i Sandeid. Budsjettet er lågt, så her er det kreative løysingar som tel ;) Stykket handla om eit par som ikkje var særleg interessert i interiør, og økonomien var særdeles skral. Eg tok derfor utgangspunkt i at dei ikkje hadde gjort noko med heimen sin sidan tidleg 90-talet, og at møblementet var litt "hummar og kanari" slik som det gjerne blir etter mange års samling;) Då det er ei teaterscene som ikkje er stor, og skodespelarane er avhengige av å bevege seg fritt, minkar det på val av møbleringsalternativer og veggpryd, men resultatet er likevel tidstypisk.

I dag er det nok mange som innreier heimen sin etter "Less is more" prinsippet. Om 90 talet kan ein vel sei at "Less is bore" var trenden;) 

Gult, grønt og vinraudt vart hovudtemaet, og skal ein illustrere 90-talet er ei tapetbord eit "MUST"! Det er ikkje lett å få tak i border i dag, så eg valde å male den sjølv. Nå er eg ingen kunstnar, men på ei teaterscene er det ikkje dei små detaljane som er dei viktigaste. Grove detaljar viser betre enn små detaljar.

Andre detaljar som høyrer 90-talet til: Bue ved trappa inn til stova, trappa sjølvsagt trekvit. Tapetet i gangen som fører inn til stova er vinraud, også denne handmåla med "blomar" så godt som identisk frå denne tida. Skinnsofa, tre-møblar, gullrammer, brune rammer, heimebroderte bilder, fargerike gardiner osv. Mesteparten av veggpryden hadde eg faktisk liggande heime etter alle desse åra...hehehe... Små målerier som eg måla sjølv på 90 talet, dei broderte bileta er også mine "verk" frå den tida. Avishaugar på bordene er sjølvsagt ikkje der tilfeldig. Dei var i bruk under forestillinga, og illustrerer ein vanleg heim der ikkje alt ligg der det skal. Det same gjeld radiatorovnen. 

Gamle minner strauma på undervegs, og resultatet vart ei stove verken eg, og andre hadde problemer med å kjenne att:)

Takk for oppdraget!

Plakater

Eg designer mine eigne plakatar. Eg synest det er kjekt å leite etter rett utsnitt og plassering av tekst for å få eit godt resultat. Min første plakat valgte eg å ha i svart/kvitt, heilt enkel, utan noko ekstra. Bildet var tatt av Monica Madsgård.

Etter to år kjende eg behov for forandring av plakaten. Det var også behov for å ha fleire typar plakatar, alt etter kva type oppdrag eg får. Eg ønska ein meir fargerik plakat, og at den skulle vera litt røffare, slik at den passa betre til trubadurjobbane. Bildet på denne plakaten er tatt av Hilde Margrethe Owe.

 

Interiørkonsulent

Som interiørkonsulent trivst eg godt med forskjellig kreativt arbeid. Medan eg gjekk på skule, laga eg eindel utstillingar på biblioteket. Har du lyst å sjå litt nærmare på resultat av arbeida mine, gå inn og sjå på nettsida eg brukte då eg var elev: http://karolinetaraldsoy.blogspot.no/search/label/Bibliotek-utstillinger