26. okt, 2022

Det skjedde meg

Det har nå gått 5 veker sidan eg blei diagnostisert med lungekreft.
Kva skal eg sei om den tida...

Det har gått både fort og seint, det har vert vondt og godt, det har vert latter og tårer
- og det har vert  SAMHOLD, GODHET og KJÆRLIGHET!

 Me snakkar gjerne om kreft innimellom, og tenker at "plutselig kan det vera min tur", samtidig så tenker me likevel "det skjer ikkje meg". Så gjorde det nettopp det:

Det skjedde meg!

Det er faktisk vanskelig å sei korleis eg har det, og korleis eg tar det. Eg er fremdeles Karoline eg. Eg har mitt gode humør, eg er sterk, eg likar å jobbe med egne følelsar - på godt og vondt. Eg likar å jobbe "framover", bygge opp meg sjølv, bygge opp andre, ta vare på det gode i livet, ta vare på dei gode verdiane. Dei gode tinga som bur inni hjerta våre, inni sjela vår!

Dagane har gått litt "i eitt", men eg føler også at eg har levd i nuet. Tatt ein ting om gongen, innstiller meg på ein ting om gongen osv. Innstiller meg på at eg skal vinna kampen. Eg går "ALL IN" 

Det beste midt i all denne driten - ja kreft er drit - det er all kjærligheten eg ser rundt meg. All hjertevarmen, alle som eg er så glad i, alle som er glade i meg. Mine aller nermaste har alltid vore nummer ein for meg, men det kjem sterkare og tydeligare fram i meg nå. Det kjennes som at "sss...den kreften...den ska eg fiksa" Det e berre ein liten hump i veien det, som me ska kjempa oss gjennom - i lag! EG HAR MINE KJÆRE NÆR MEG! Eg er så ufattelig heldig!

❤Takknemlig for livet mitt❤