27. okt, 2022

På ekta

Tirsdag denne veka var eg på Haukeland i Bergen. Informasjonstime før strålebehandling først, så bar det inn på et rom der de tok bilder og målinger med ein CT-lignande trommel. Eg fekk tatovert ein prikk på kvar side, som er dei dei går etter når dei skal måle seg fram til trålepunkt kvar gong. 

Denne dagen var eg veldig dårlig i utganspunktet, tålte ikkje bilkjøring, og var altså så kvalm at at hadde problemer med å gå når me kom fram. Den følelsen når eg steig ut av bilen, krumbødy, kvalm - og skalla! Kan eg sei at det gjekk mer opp for meg då? Ja, på ein måte så blei det liksom mer "på ekta" - Eg e sjuk for pokker! 

I innkallingsbrev eg hadde fått, stod det at eg skulle få 20 strålebehandlinger. Ein kvar dag, 5 dagar i veka, i 4 veker. Når eg kom inn til legen, fekk eg beskjed om at det blei 40 strålebehandlinger. To kvar dag, 5 dagar i veka, i 4 veker. Første veka skal eg også ha cellegift tirsdag, onsdag og torsdag. Eg fekk litt meir info om eventuelle bivirkninger etter stråling. Det var masse mer å setta seg inn i, og det var meir bivirkningar enn eg har visst om. Bivirkninger som kan komma etter kvart, nokre undervegs, andre kunne komme fleire veker etter endt strålebehandling. 

Når eg seier at det kjentes meir "på ekta" ut, så meiner eg ikkje at eg ikkje har skjønt at eg er alvorleg sjuk, men det er rart med det, det er begrensa kor masse me klarer å ta inn på ein gong trur eg. Heldigvis vil eg sei til det, for å klare å forhalde meg til ALT på ein gong, det trur eg ikkje eg er i stand til. Eg får nok ein del trening i tålmodighet framover :) 

Ellers er formen "opp og ned", med KORTE intervaller. Eg syns eg har vore heldige som har hatt fleire gode dagar etter første cellegiftkuren. Nå har kvalmen tatt over litt igjen, men eg testar ut kor ofte eg må drikke, ete, ta medisiner osv. Når folk spør koss formen er, og eg svare at den er bra, så gløymer eg å fortelle at "bra form" for meg i disse dagar er omtrent det samme som 90 + Eg tar kvar opptur som ein bonus, og er glad og takknemlig for at samme kor dårlig eg er, så har eg fremdeles godt humør, er med godt mot, og syns eg er heldig!

 

❤Takknemlig for livet mitt❤