9. nov, 2022

”pikyrande små dikt” - Bokmelding

Eg var så freidig at eg spurde forfattar Karin Jonette Ness om å få kjøpe boka på forhand, sidan eg skulle vere bortreist på behandling i 4 veker. Svaret var at boka ikkje hadde komme forfattaren i hende, men eg kunne få den i hefte, som den aller, ALLER første lesaren❤ (eller i ei lefse, som hu sa) Eg fekk boka levert på døra – inkludert lykkebobler på flaske, og gode ord
Tusen takk for tilliten❤ 

”pikyrande små dikt” av forfattar Karin Jonette Ness (f.1969) frå Skånevik, som debuterer som forfattar med ei variert diktsamling. Eg elskar nynorsk, og er stolt over at min barndomssambygding gir ut dikta sine i denne fine målforma. Karin Jonette skriv slik at kjærleik, kraft og styrke, sorg og glede når djupare inn, akkurat der me treng det, utan at det er påtrengande.

Pikyrande dikt er så absolutt ein talande tittel, for dikta er pikyrande små. (Elskar det ordet, pikyrande, så er det sagt) Innhaldet i dei pikyrande små dikta er derimot langt frå pikyrande, for meg er dikta ”frå sjel til sjel” og treff meg på ulik vis, ulike gonger. Små dikt med stort innhald.

Nokre dikt set seg i sjela, utan at eg skjønar kva dei eigentleg gjer med meg. Andre får meg til å le, samstundes lurer eg på om det er fordi eg ikkje har skjønt meininga med nettopp det diktet. Atter andre dikt får meg til å tenke: Hah, ja akkurat sånn er det! Somme har gitt meg melodiar, som berre har kome til meg ved første augneblink på, og fått tankane mine på ”avvegar” om det går an å seie. Eg gler meg til å lese alle dikta - om att, og om att,  også i innbunden form.

Forfattaren har tillate meg å gjengi eitt, av mange dikt, som tala rett til sjela mi: 

sjå ikkje mørkt
på meg
sa hausten
om du vil kan
du ver den
nye fargen i
meg

Eg skulle så gjerne vert på lanseringsslepp, men eg reknar med at eg kan glede meg til å vere med ved neste utgjeving.

Lanseringsslepp i Haugesund fredag 25. november 2022 – Stuelands Abothek kl. 16.00
Lanseringsslepp i Skånevik laurdag 26. november 2022 – Skånevik Fjordhotell kl. 16.00

LØP OG KJØP!

Takksam helsing frå meg